Arbeidsmaknaden eit halvt år etter eksamen
Abstract
Frå 1972 har NAVF's utredningsinstitutt gjennom spørjeskjemaundersøkingar søkt å kartleggja korleis kandidatane frå universitet og høgskolar tilpassar seg på arbeidsmarknaden. Undersøkingane har vorte gjennomførde omtrent eit halvt år etter eksamen. I dei første åra vart kvart kull undersøkt, men frå og med våren 1976 har ein berre sett på vårkulla. Dette er ikkje tilfredsstillande for kandidatane frå Noregs tekniske høgskole då studieordninga der er lagt opp slik at hovudtyngda av kandidatane tek eksamen om hausten. Av den grunn tek Instituttet og sikte på å undersøka i det minste nokre av dei store haustkulla av sivilingeniørar.
I den rapporten som vert presentert her, legg ein fram resultata frå undersøkinga hausten 1979 (pr 15. november). Denne refererer seg til kandidatane frå vårkullet 1979. Som eit vedlegg til meldinga har ein sett inn resultata frå undersøkinga for sivilingeniørkandidatane frå haustkullet 1979 (undersøkinga vart gjennomførd pr 15. mai 1980).