Offentlege innkjøp som industripolitikk - Telekommunikasjonssektoren
Abstract
Denne utgreiinga rettar søkjelyset mot statens innkjøpspolitikk på telekommunikasjonssektoren. Føremålet med utgreiinga er å kaste lys over eit innovasjonspolitisk verkemiddel som har fått relativt lite merksemd. Siktemålet er vidare å sjå på bruken av dette verkemidlet i ein høgteknologisk bransje der offentleg innkjøp kan ha mykje å seie for industriutviklinga.